Søk f.eks på fluefiske, gapahuk, Trondheim, Orkla, Hordaland eller Nord-Norge

Velg dato og antall personer
Om valdet
Fiske
Fasiliteter
Minimum lengde på vald (m)
Filter

Etneelvo

Hordaland
   

1 av 1 vald passer din filtrering

img item
Priser fra 900 kr.

Elvesving

Hordaland, Bolstadelva

  • VALDETS LENGDE 1500m
img item
Priser fra 900 kr.

Elvesving

Hordaland, Bolstadelva

  • VALDETS LENGDE 1500m
img item
Priser fra 900 kr.

Elvesving

Hordaland, Bolstadelva

  • VALDETS LENGDE 1500m
img item
Priser fra 900 kr.

Elvesving

Hordaland, Bolstadelva

  • VALDETS LENGDE 1500m
img item
Priser fra 900 kr.

Elvesving

Hordaland, Bolstadelva

  • VALDETS LENGDE 1500m
img item
Priser fra 900 kr.

Elvesving

Hordaland, Bolstadelva

  • VALDETS LENGDE 1500m

Etnevassdraget strekkjer seg frå Etnefjorden og austover med ei grein gjennom Storedalsvatnet og inn mot indre Etnefjella, og ei grein gjennom Litledalsvatnet og inn mot Sørfjellet.

Nedbørsfeltet er omlag 250 km2., og elvearealet er på ca. 330 000 m3.

Elva frå Storedalsvatnet og til samløpet ver kalla Nordelva , medan elva frå Litledalsvatnet til samløpet vert kalla Sørelva. Vidare nedover til fjorden vert elva kalla Etneelvo.

Sørelva er regulert medan Nordelva er uregulert. Gjennomsnittleg vassføring i nedre del av elva er på 22m3./sek.

I Nordelva er det to markerte fossar med Torefoss lengst nede og Håfoss med laksetrapper i øvre delen mot Storedalsvatnet. I Sørelva er det også ein markert foss , nemleg Fossafossen.

Etneelva er eit av landets nasjonale laksevassdrag , og vart varig verna frå kraftutbygging i 1994.

Frå utløpet av dei to vatna og til fjorden er det mulig å fiska på omlag 13 km. elvestrekkning.

Gytebestandsmålet for vassdraget er på 1025 kg.holaks. Den årlege fangsten låg i mange år på om lag 4 tonn , og gjennomsnittslaksen er
på ca. 4,5 kg. Kvart år vert det også teke enkelte store fiskar på 12 til 17 kg. Etneelva er dessutan ei god sjøaureelv.

Etneelva vert rekna som ei av dei beste lakseelvane på Vestlandet. På grunn av svært negativ bestandsutvikling valde elveigarlaget på eige
initiativ å stenga elva for fiske i 2010. I fire av dei siste åra har elva vore stengd. Utsiktene er no betre , og me har vald å opna for eit forsiktig fiske med klare fangstbegerensingar.

Etne Elveigarlag er organisert i samsvar med forskrifta om pliktig organisering og felles forvaltning , og utøver sokalla driftsplanbasert lokal forvaltning.

Ankomst

Kjøretida med privatbil frå Oslo til Etne er om lag 7 timar, frå Stavanger 2,5 timar , frå Bergen 3,5 timar og frå Haugesund Lufthavn
1t. 15 min. Her er fleire overnattingsmuligheter som t.d. Fugl Fønix Hotell, Etne Camping og Skånevik Fjordhotell.

Me ynskjer deg velkommen til Etne og til elva vår, og håpar du vil finna deg vel til rette og får ei oppleving du og din familie eller fiskekameratar vil minnast. Du er alltid velkommen attende til Etne.»

Kontakt