Publisert 13.11.2024

Truleg ny botnrekord for laksefisket

Årets offisielle fangsttall blir publisert av Statistisk Sentralbyrå (SSB) i slutten av januar hvert år. De foreløpige fangsttallene viser, ikke veldig overraskende,  at årets laksesesong sett under ett slår en ny bunnrekord. Tirdag 12. november kom Miljødirektoratet med en ny pressemelding om situasjonen. Den kan du lese i sin helhet her: 

Årets laksefiske ser ut til å bli dårlegare enn nokon gong, viser nye tal. – Stenginga av 33 lakseelvar i juni var nødvendige.

God fangst i Orkla på valdet Forve, i 2023. Årets sesong i Orkla ble avsluttet 23. juni. Kanskje kan nye fiskeregler med større begrensninger i starten av sesongen gjøre at fisket kan holdes åpent fra 1. juni 2025.

–  I undersøkte elvar som var opne for laksefiske heile sommaren vart det fanga berre 72 prosent av den mengda laks ein tok i fjor, som også var eit veldig svakt år, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Tal frå over 100 elvar

Dei nye førebelse tala frå laksefisket kjem fram i eit notat, som Norsk institutt for naturforsking (NINA) har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet (vedlagt pressemeldinga). NINA har samanfatta fangstar frå fire kilenotstasjonar, og rapporterte fangsttal og fisketeljingar frå vel 100 lakseelvar i heile landet. 53 av elvane var opne for laksefiske gjennom heile sesongen. Spesielt ser det ut til at det kom veldig få laks på over tre kilo til elvane frå Vestland til Trondheimsfjorden.

Lite stor og mellomstor laks

I juni såg Miljødirektoratet seg dessverre nøydde til å stengje fisket i 33 store lakseelvar frå Sør-Noreg og nordover til og med Trøndelag. 17 av elvane heldt fram med å vere stengde gjennom heile sommaren, medan 16 vart gjenopna for eit svært avgrensa fiske etter snautt tre veker. Hovudgrunnen til stengingane var at det kom svært lite laks på meir enn tre kilo, som i desse elvane er ekstra viktige for å sikre at det blir nok lakseungar til at det blir forsvarleg å fiske også i framtida.

–  Ved å stengje laksefisket i 33 elvar i juni bidrog vi til at fleire laks fekk formeire seg, noko som er svært viktig når det kom så få laks til elvane som i år, seier miljødirektør Ellen Hambro.

–  Ny føre var-strategi i utsette elvar

I to av elvane som heldt fram med å vere stengt resten av sommaren, ser det ut til at det etter kvart kom litt meir laks enn frykta. Dette gjeld Glomma, og Uskedalselva ytst i Hardangerfjorden. På det tidspunktet Miljødirektoratet vurderte kva for nokre av dei stengde elvane som kunne gjenopnast, var antakinga at det ville komme for lite laks også til Glomma og Uskedalselva.

– Når laksen er så pressa som han er no, kan det også i framtida bli nødvendig å stanse fisket når det ser ut til å komme for lite laks til elvane. Samtidig legg vi frå neste år om til ein føre var-strategi i dei mest utsette elvane, der vi er restriktive i starten av sesongen, for så å heller opne meir opp seinare dersom det viser seg at det kjem nok laks, seier Ellen Hambro.

Ber om planar for forsvarleg fiske

Miljødirektoratet ber om å få planar frå elveeigarlag i ekstra utsette elvar, for korleis laksefisket skal haldast på eit forsvarleg nivå. Dette gjeld spesielt elvar der det har vore lite laks over nokre år, eller svært lite laks berre i år. Utan slike planar vil Miljødirektoratet truleg innføre seinare start av fiskesesongen i desse elvane enn det er i dag. 

Planane bør beskrive korleis elveeigarlaga vil sørgje for eit forsvarleg laksefiske i elvane sine, og kva effektar dei meiner tiltaka vil ha på mengda laks som blir fiska. Planane bør også beskrive når og korleis elveeigarlaga skal berekne kor mykje laks som har komme til elva, og kor mykje som har vorte fanga. Når ei elv har redusert fisket samanlikna med tidlegare år, trengst meir informasjon enn fangsttal for å vurdere kor mykje laks som har komme til elva. Dette kan vere teljing av laks, eller oppsummering av inntrykket til fiskarane av mengda laks i elva samanlikna med tidlegare år. Fristen for å sende planane til Miljødirektoratet er innan utgangen av 2024. Neste vår vil endringar i føresegnene om fisket bli vedtekne i ei forskrift, etter at ramma partar har fått gi innspel til eit forslag i forkant.

Kilde til Miljødirektoratet her.

02.12.2024

Vi tar sats og blir markedsledende i Europa i samarbeid med FishPal 🫶

Vi er glade for å kunngjøre at FishPal og Elveguiden tar grep og slår seg sammen! Vi gleder oss stort over denne utviklingen, som vil være positivt både for sportsfiskerne, grunneierne og forvaltninga i Norske laksevassdrag.

Les Mer

09.07.2024

Hjelpesenter - FAQ Elveguiden

Her har vi samlet svar på de vanligste utfordringene som våre kunder opplever. Får du ikke svar på det du lurer på så kan du ringe vår supportavdeling på +47 404 02 390 eller sende mail til support@elveguiden.no

Les Mer